Referat fra Årsmøtet 2016: Les referatet

 

Referat fra møtet 6.09.17:

 

Onsdag 6. september: Overlege Jorunn Brekke Fjeldheim

"Vi skal alle døy ein dag. MEN ALLE ANDRE DAGAR SKAL VI LEVE". 

Om lindrande behandling med fokus på best muleg livskvalitet heile livet. 

Med slik tittel heldt overlege Jorunn Brekke Fjeldheim ved Ålesund Sjukehus foredrag i Vestnes seniorakademi 6. september. Overskrifta er eit sitat frå den svenske forfattaren Per Olov Enquist. 

Fjeldheim er særleg opptatt av lindrande behandling og god samhandling på tvers av nivåa i helsevesenet. Den siste tida har ho arbeidd med prosjekt om Palliativ plan. Ho gjekk gjennom oppbygginga og utviklinga av tilbodet. Fjeldheim kom med konkrete døme på korleis det palliative teamet jobba på ulike felt og om koprleis dette fagfeltet er i utvikling.

Vi fekk innblikk i korleis ein prøver å ivareta alle sider ved mennesket ved å bygge opp eit team med ulik fagkompetanse. Ho tok oss også med på ei reise bakover i tida og viste korleis  legevitenskapen hadde sett på det sjuke/døyande mennesket opp gjennom tidene frå Hippokrates (legevitenskapens far som skal ha sagt: Av og til kurere, ofte lindre, alltid trøste) og fram til i dag.

På ein måte kan ein vel seie at ringen til ei viss grad er slutta, særleg med tanke på dette med å lindre og gjere dagane så gode som muleg for den sjuke. Pasienten skal sjølv bli høyrd og vere med og bestemme korleis han ønskjer å leve den siste tida for å gjere livet meiningsfullt.

Frå dei som hadde møtt fram, kom det spørsmål og kommentarar i etterkant av foredraget. Fleire ga uttrykk for at dei syntest dette var eit interessant tema som blei belyst på ein framifrå måte gjennom foredraget til Jorunn Brekke Fjeldheim.

Mellom 80 og 90 personar hadde møtt fram, eit aktuelt tema som angår oss alle.

Asbjørn Gisnås introduserte foredragshaldaren og leda oss gjennom møtet.

 

Referat fra møtet 5. 04.17 med Kjersti Gisnås: Les referatet

Referat fra møtet 1.03.17 med Arne Ruset:   Les referatet

Referat fra møtet 2.01.2017 med Ellen Lexrød Hovlid: Les referatet

Referat fra møtet 2.11.2016 med seniorrådgiver Kjell Jogerud: Les referatet

Referat fra møtet 5.10.2016 med konservator Terje Thingvold: Les referatet

Referat fra møtet 7.09.2016 med professor Frank Aarebrot:  Les referatet

Referat fra møtet 6.04.2016 med lærer of forfatter Audbjørg Gjerde Lippert: Les referatet

Referat fra møtet 2.03.2016 med lokalhistoriker Odd Sørås: Les referatet

Referat fra møtet 3.02.2016 med tidligere rektor og lektor ved Nansenskolen Inge Eidsvåg: Les referatet

Referat fra møtet 4.11.2015 med professor og ordfører Jørgen Amdam: Les referatet. 

Referat fra møtet 7.10.2015, åpningsmøte med orienteringer: Les referatet